av Petra J. Helgesen fredag 20. januar 2012
Det Norske Samlaget
Utfor av Sunniva Relling Berg har ei av dei finaste opningssetningane i 2011: «Det var som om heile havet landa på frontruta.» Vatn er ofte eit bilete på kjenslene våre. I Utfor understrekar havet og vatnet alt det hovudpersonen Lea slit med. I byrjinga er bølgjer og regn forrykande. Hav og himmel går i eitt. I slutninga kan ho teikne horisonten som ei lett krusa line. Det blir betre.
Lea er ein fjorten år gamal mattenerd som nett har flytta frå mobbarane sine i byen til ei øy ytst i havgapet. Det er to sentrale konfliktar i teksten, ein indre konflikt og ein ytre. Den ytre konflikten forstår ikkje Lea noko av, men det er tydeleg at Jonas, ein av gutane på øya, har gjort noko forferdeleg. Dei andre tre ungdommane som bur der ute, Mads, Mia og Arne, nektar å vere med han. Lea vil gjerne vere med dei alle, sjølv om dei er merkelege, kvar på sitt vis. Kva er det dei held skjult for ho? Les meir »
Publisert i ungdomsbøker
av Petra J. Helgesen måndag 16. januar 2012
I Klara kan – mykje rart om klede finn Klara ut at klede er laga av dei merkelegaste ting: plastflasker, ormespytt, bambus, brennesle, bananar, kaffi, korn og mjølk. Klara er ei nysgjerrig jente som spør og spør heilt til ho finn svara, og ho fortel vennene sine kva ho har funne ut. Det dumme er at røynda av og til kan vere så merkeleg, at vennene hennar ikkje trur på alt ho seier.
Teresa Grøtan har med andre ord ikkje skrive rein sakprosa denne gongen. I 2009 gav ho ut Globaliseringsboka, ei debattbok for ungdom om konsekvensar av globalisering. I den boka kopla ho personlege erfaringar og fakta på ein treffsikker måte. Med denne nye serien om Klara, rettar ho seg inn mot ei yngre målgruppe, fortsatt med faktaformidling som ei viktig målsetjing, men her er kunnskapen ramma inn av ei skjønnlitterær forteljing. Les meir »
Publisert i barnebok, faktabøker
av Irene Garnes Hareide fredag 6. januar 2012
Det norske samlaget 2011
Veslefanten er ein liten raud elefant som er hovudperson i ein serie småbarnsbøker med titlar som Endelig god natt! og Endelig småsøsken! Veslefantens reknebok skil seg frå dei tidlegare bøkene på mange måtar, men det er ingen tvil om at også dette er ei bok med fine kvalitetar som passar for dei yngre barna.
Boka er ikkje ei vanleg historie om Veslefanten, men fungerer som ei aktivitetsbok som tek for seg tala frå 1 til 10. Les meir »
Publisert i barnebok, biletbøker, faktabøker
av Janne Karin Støylen onsdag 28. desember 2011
Barnebok-app for lesebrett
Ein rålekker, kvit Ipad 2 låg inne i bursdagspapiret på 38-årsdagen min for litt sidan. Først fleire dagar seinare fekk eg prøve han sjølv, då hadde ungane lasta ned alt frå Fifa 12 til Angry Birds. No er det derimot ein annan applikasjon dei opnar aller oftast: Den nye barnebok-appen Jakob og Nekob er ikkje berre den mest brukte heime hjå oss, han låg òg på toppen av salslistene i haust
Jakob seier JA! til alt og Neikob seier NEI! til alt. Slikt vert det trøbbel og krokodillemat av. På lesebrettet kan borna aktivere mange artige effektar. Jakob og Neikob seier orda sine, krokodiller brøler, lampene skrur seg på og av og bilen brummar bortover vegen. Innlesinga skrur du på og av som du vil. Eit lite spel er også med.
Samlaget har lykkast særs godt i ta med seg Kari Stai sin genistrek over til dette nye mediet.
Publisert i appar, barnebok, biletbøker
av Irene Garnes Hareide onsdag 14. desember 2011
Skriven av Elizabeth Baguley og illustrert av Marion Lindsay.
Omsett frå engelsk av Ragnar Hovland og Erle Stokke.
Det norske samlaget 2011
Denne biletboka fortel historia om det vesle spøkjelset Børre. Han er av det engstelege slaget, og han kjenner seg for liten til å spøkje på store stader. Den store draumen til Børre er å finne eit lite, koseleg hus å spøkje i. Finn han det, skal tru? Les meir »
Publisert i barnebok, biletbøker