Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Roald Kaldestad: Heavykatten, Discodansemusa og Pinnsvinet Phillip

Opplegg til boka:
Nynorsksenteret.no:
Undervisningsopplegg til Heavykatten

Heavykatten sit inne på kaféen med walkmanen på og drøymer seg vekk til utlandet. Der er det mange andre som likar heavy. Her i byen er det berre han. No kjem til dømes ei som han ikke toler trynet på, Discodansemusa. Ho er ei stor jåle som likar disco. Det er berre ein Heavykatten likar dårlegare enn Discodansemusa, og det er Pinnsvinet Phillip. Kvifor er det nettopp dei tre som er heime i ferien? Alle dei andre er reist vekk. «Eg kan iallfall ikkje gjere noko saman med dei knehønene der», fnyser Heavykatten.

Men så skjer det noko som gjer at dei må samarbeide. Kaféen går dårleg, og Kaféeigaren er redd han må stenga. Heavykatten, Discodansemusa og Pinnsvinet Phillip må freista å gløyma at dei ikkje likar kvarandre. Det viktigaste er å redda kaféen.

Les boka på sida til Nasjonalbiblioteket:
Heavykatten, Discodansemusa og Pinnsvinet Phillip

Boka finst også som lydbok.

Fleire boktips

6–9
Frost
3–6
3–6
9–12