Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Hans Sande og Gry Moursund: Arkimedes og brødskiva

Arkimedes og brødskivaOpplegg til boka:
Bok på 1-2-3: Arkimedes og brødskiva – tverrfaglege opplegg for 1.–4. trinn og 5.–7. trinn.

Ei vill og leikande forteljing omkring to naturlover: brødskiva landar alltid med smøret ned og katten landar alltid på føtene. Pappaen til Evreka er oppfinnar, og Evreka gjer eit utruleg forsøk som opphevar tyngdekrafta, katten Arkimedes kan flyge!

Boka er leikande og lett, men handlar likevel om naturlover, om samspel og omsorg mellom menneske og dyr, og om konfliktar mellom far og dotter. Referansane til den klassiske Arkimedes i badekaret og oppdaginga hans er like luftige som resten av forteljinga, og kjennskap til denne historia er slett ikkje nødvendig for å ha glede av boka. «Arkimedes og brødskiva» passar for ungar i alle aldrar, for her er sjonglering med humor og alvor, ein grenselaus leik med ord og bilde, og realistisk og kvardagsleg handling som brått glir over i det fantastiske.

Les boka på sida til Nasjonalbiblioteket:
Arkimedes og brødskiva

Fleire boktips

3–6
Frost
3–6
3–6
9–12