Max Velthuijs: Frosken er lei seg

Frosken_er_lei_segFrosken er lei seg. Han er på gråten, men han veit ikkje kvifor. Rotta prøver å trøyste han, men klarer berre å få han til å gråte! Og så, til sist, begynner frosken å le … og snart ler alle saman. Frosken er glad att, og ikkje minst Vesle Bjørn er storleg letta.

Med vennleg humor skildrar Max Velthuijs dei ofte gåtefulle svingingane i sinnstemning som vi opplever anten vi er menneske eller froskar. Dette er tolvte historia som den verdskjende kunstnaren lagar om frosken, om kjenslene hans og vennene hans.