Geirmund Johnsen (red.): Syng sjøl

syng_sjol«Syng sjøl er ei songbok for born, som er laga saman med born, og som tek born på alvor», skriv redaksjonen bak på songboka. Dette er ei god songbok til bruk i barnehage, småskule og i heimen. Alle songane har notar med besifring.

I samlinga finn vi 112 songar, både norske og utanlandske, men alle er på nynorsk. Her gode gamle klassikarar og nyare songar, songar for kvardag og fest. Songboka er i eit praktisk format med spiralinnbinding og gode ark, så du kan til og med ta boka ut på tur om du vil.

Hysj, kan du høyre graset gro?
Hysj, kan du høyre ein meitemakk som lo?
Hysj, kan du høyre ei bille som song?
Då skal du seie kvar einaste gong:

Hei, alle insekt og alle små dyr,
alle som krabbar og kravlar og kryr,
eg er eit menneske og eg er snill,
ver i min hage så lenge du vil.

(Eyvind Skeie, til nynorsk ved Geirmund Johnsen)