Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Astrid Grønsnes og Anna Fiske: Fotballen på fatet

Fotballen_paa_fatetISBN: 9788252186406

Utgjevar: Det Norske Samlaget

I denne fargesprakande biletboka møter du den oppfinnsame Svein Pus og vennene hans. Du får også lese i Museboka, som er yndlingsboka til Svein Pus. Når Svein Pus er glad, gløymer han seg lett, og då lagar han eit svare rot. Han er i ei skikkeleg katteknipe, men får ein god idé: ein lyd-rydde-leik! Lynsnart lagar han system i rotet, iallfall for ei stund. Dette er både ei vanleg biletbok, med spretne, innhaldsrike teikningar i kjend og kjær Anna Fiske-stil, og det er ei bok som inviterer barnet til å leike med lyd.

Fleire boktips

3–6
Frost
3–6
3–6
3–6