Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Bente Bratlund: Vi gir oss aldri

Unni er ny i klassen. Ho trur ho kjem til å bli utanfor og einsam, men heldigvis er det også ei anna ny jente i klassen denne hausten. Linn og Unni bestemmer seg for å halde saman. Linn er ei sprudlande og optmistisk jente. Ho har nett vore på kurs i tarot, og vil gjerne fortelje Unni kva som vil hende med henne i framtida. Det vil ikkje Unni vite. Ho kvir seg til framtida, mora har flytta hit til ein kjærast ho har møtt på nettet, som Unni slett ikkje likar. Linn har flytta inn hjå nye fosterforeldre og likar seg kjempegodt. Så spår Linn seg sjølv, og ser både katastrofe og kjærleik …

Ei spennande bok om lagnad og eiga påverkingskraft. Om å tru at alt skal gå bra, og at i morgon vil fantastiske ting hende. Om venskap og samhald, om vaksne som støttar og sviktar.

Bente Bratlund er fødd i 1952 og har skrive 17 bøker for barn og unge. Dei siste bøkene er Kvar er Lurven? (2006), Heilt passeleg vill (2005) og Kanskje måndag kveld (2004).

Fleire boktips

ungdomsbøker
lettlesne bøker
9–12
ungdomsbøker