Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Atle Hansen: Skatten i Skutevika

Martin, Anders, Steinar og Anna er ute i Skutevika. Martin snorklar og finn nokre mystiske myntar på sjøbotnen. Anna tek bilete og søkjer etter liknande myntar på Internett. Heime legg Martin myntane i ketsjup for å kunne pusse dei blanke. Saman med Anders går han til gamle Kristian i Vikja for å høyre om han, som veit så mykje, kan fortelje dei kva slags myntar dette er. Ei hollandsk skute forliste utanfor Skutevika for lenge sidan. Kan det vere myntar frå forliset Martin har funne?

Eller har det noko med banktjuveriet i Stavanger å gjere? Når dei dagen etter oppdagar ein gummibåt med nokre ukjende, mystiske menn om bord, blir oppklaringa av kva slags myntar dette er, ein mykje farlegare leik enn dei hadde tenkt seg.

Dette er ei spennande forteljing med høgt tempo. Forfattaren legg ut mange lause trådar, slik vi kjenner det frå krimsjangeren.

Atle Hansen har mellom anna gjeve ut tre bøker om Sjørøvar-Jenny og Einauge-Bill. Fleire gode spenningsbøker han har skrive er Heksa (2001), Ulvestova (2004) og Det kvite pulveret (2006).

Boka passar for lesarar frå 10 år.

Fleire boktips

9–12
krim
9–12
9–12