Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Bjørn Sortland: Triks

– Du har gått i snart eitt år og vore forelska. Du må gjera noko. Du må overraska henne før ho reiser. Eg kan hjelpa deg. Eg veit om nokre triks. 

Den 16-årige guten som er hovudperson i denne boka vil gjerne få seg ei dame. Og ikkje kven som helst. I kjellaren bur den vakre utvekslingsstudenten Janice. Ho har jogga ei mil og pressa fruktjuice før vekkarklokka hans har ringt. Ho les bøker om interiørdesign og er pen som i ein såpeserie frå eit collegemiljø. Liknar litt på Liv Tyler i Ringenes herre. Litt yngre. Alltid raude lepper … Men å snakke med henne? Invitere henne på date? Klassevenninna Ruth prøver å hjelpe til. – Det einaste amerikanske jenter forstår er å bli inviterte ut på middag! Ruth står på hovudet i sofaen med sprutraudt ansikt og han lurer litt på om t-skjorta kjem til å gli opp. Eller ned? Gode råd i kjærleik kan føre til dei mest uventa ting.

Boka Triks er gjeven ut på Lettlest forlag og er utvikla i samarbeid med Vest-Telemarkbiblioteka og Gi rom for lesing. Utover å vere lettlesen er det ei svært god bok, ein dialogbasert tekst lesarane vil kjenne seg igjen i. Å ta sjansen på å nærme seg den vakre, uoppnåelege. Å ta sjansen på å utsetje seg for andre si avvising. Boka fortel truverdig om prøvande kjærleik og nye, spennande kjensler.

Bjørn Sortland har skrive ei rekkje bøker for barn, unge og vaksne. I kategorien ungdom er boka 12 ting som må gjerast rett før verda går under fin å halde fram med, etter å ha lese Triks. Han er utgjeven i 14 land. For mindre born bør dei prislønte biletbøkene han har laga saman med Lars Elling nemnast spesielt.

Fleire boktips

ungdomsbøker
ungdomsbøker
lettlesne bøker
9–12