Mine små leksikon: Fotball

Mine små leksikon FotballEit lite leksikon om fotball! Her er det mange konkrete tips for den vesle fotballspelaren. Ei god pasning, til dømes, korleis brukar ein foten då? Her er også eit lite kapittel med knep.

«Spelaren kan late som han spring i ei retning, og så, i siste augneblink, springe i motsett retning. Han kan late som han vil sentre ballen til ein medspelar, men likevel halde på den.
Han kan gjere ei anna finte ved å sparke ballen lynraskt bakover. Når ein spelar tar ein tunnel, sparkar han ballen mellom beina på motspelaren.»

Her får ein lære å ta gode innkast, å trikse og å takle. Ein får lese om Pele, Maradona og Zidane, og om mestvinnande verdsmeistrar og klubbmeistrar. 

Mine små leksikon er bøker som er lette å lese, barnet kan gjerne lese dei sjølve når dei har knekt lesekoden. Dei har spennande og interessante illustrasjonar og relativt lite tekst.
Informasjonen er både lærerik og morosam.

Andre bøker i serien er
Dinosaurar
Kroppen
Universet
Dyra på savannen
Delfinar og andre kvalar
Riddarar og riddarborger
Skogen
På fjellet
Dyra på garden
Ved sjøen
God natt!
Babyen
Hestar og ponniar
Ulven
Brannmenn
På hjul!
Piratar
I dyrehagen
Hekser og slikt