Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Oskar Stein Bjørlykke: Hoppe i havet – Dikt for barn

Du berre
du berre såg på meg
du visste med ein gong
kva eg ville ha 

eg visste det nesten
ikkje sjølv ein gong 

men du berre rette
fram handa den gongen

og sa: her er eg 

Oskar Stein Bjørlykke viser endå ein gong korleis han greier å gå inn i barnetankar og -sansingar. Språket er enkelt, som hos eit barn, men kjenslene er store og viktige, som i eit ope barnesinn. Hoppe i havet handlar om dei små tinga, og dei store. Dei store tinga i dei små.

Boka eignar seg svært godt for høgtlesing og samtale mellom vaksne og born. Gode samtalar der barnet si undrande tilnærming til alt rundt seg vert teken på alvor. Å snakke saman med born på denne måten er også til gjensidig ettertanke og inspirasjon for oss vaksne.

Det er vanskeleg å setje noko aldersavgrensing på denne boka. Ho kan lesast saman med born heilt ned i barnehagen, og ein vil ha glede av å lese dikta aleine som vaksen. Slik er det med skrivekunst av så høg kvalitet som Bjørlykke gjev oss. Tekstane har mange lag og botnar. Lesaren kan komme teksten i møte der ein er, og den individuelle opplevinga er like mykje verdt om ein er liten eller stor.

Oskar Stein Bjørlykke er ein av våre mest produktive og prislønte barne- og ungdomsbokforfattarar. Med sitt lyriske og varsame språk representerer han ei eiga stemme i den nynorske barnebokheimen. Han fekk kritikarprisen for boka Kom til dammen! i 2003. Førre boka hans var ungdomsromanen Hanni som kom i 2005.

Kategoriar

Fleire boktips

6–9
9–12
6–9
9–12