Lene Kaaberbøl: Skuggeporten
Anna bur saman med far sin. Ho er stum, og kan berre kommunisera ved hjelp av å skriva. Dessutan er ho redd for mørkret: «Mørker er ikkje berre mørker. Viss mørkret alltid hadde vore berre vanleg, altså slik at det ikkje er så mykje lys, så hadde eg nok halde ut. Men det var det ikkje. Det var eit mørker i mørkret. Eit levande mørker som trengde inn i auge og øyre, i nase og munn. (…) Det var det eg var redd for. Det var det ein kunne døy av.»
På skulen vert Anna plaga av ein lokal gutegjeng, og ein dag sperrar dei henne inn i eit mørkt fyrrom. Medan ho kjempar mot mørkret som strammar til, høyrer ho røysta til mor si. Det er berre det at mor hennar vart borte for sju år sidan, og røysta høyrest berre i hovudet til Anna. Hendinga gjer at Anna freistar finna ut kva som hende med mor si den gongen, noko som fører henne gjennom Skuggeporten og inn i Nattlandet. På vegen må ho hanskast med ville draumar, kjempa mot daudingskuggane og, ikkje minst, finna ut kven ho sjølv eigenleg er.
Lene Kaaberbøl er ein dansk forfattar. Ho slo gjennom her til lands med bøkene i Skammarserien, som kom på norsk frå 2002 til 2004. Skammarserien finst òg som ljodbøker, og på vevsida til Lydbokforlaget ligg det ute smakebitar frå bøkene i serien: Skammarens dotter (2002), Skammarteiknet (2003), Slangens gåve (2004) og Skammarkrigen (2004).
