Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Magnhild Bruheim: Venneringen

Her kjem ein ny, spennande kriminalroman for ungdom. Ispedd tema som forelsking og rivalisering i venninneflokken har boka mykje å by dei unge lesarane. Vi møter att venninnene Kami og Bente frå boka Ny melding som kom i 2003, også den ein kriminalroman.

Det ser ut til å bli ei fin ferieveke på hytta, hovudpersonen Bente gler seg, og Ingrid og Martine skal også vere med. Ingenting blir slik Bente har håpa på. Ho føler seg svikta av bestevenninna Kami, som vel å dele rom med Ingrid og har hemmelege ting på gang saman med henne. Verre er det likevel at det har skjedd innbrot og valdtekt i hytteområdet. Politiet har ikkje greidd å ta dei skuldige. Endå meir skummelt vert det då Bente får ei biletmelding frå eit ukjent nummer. Det er nokon som har teke bilete av henne og dei andre jentene utanfrå, gjennom glaset. Om natta vaknar dei av at nokon kjem inn vindauget i det andre rommet …

Magnhild Bruheim er forfattar og frilansjournalist og bur på Lillehammer. Ho har også gitt ut krimromanar for vaksne. Til dømes kan boka Varselet vere ein fin inngang til vaksenlitteraturen hennar, for dei som har lese og likt Ny melding og Venneringen.

Fleire boktips

krim
ungdomsbøker
lettlesne bøker
9–12