Arnfinn Kolerud: Den som ikkje har gøymt seg no

Den som ikkje har gøymt seg noOdd og Per Tore er bestevenner. Når Per Tore stengjer seg inne på rommet sitt og nektar å gå på skulen, i den tru at det kviler ei forbanning over han, vil mor til Per Tore at Odd skal snakke med han. Men Odd er ikkje så flink til å snakke. Han lyt finne sine eigne måtar å hjelpe til på.

14-åringen Odd bestemmer seg for å setje forbanninga på prøve, med seg sjølv som innsats. Så får det gå som det går. Og det gjer det … 

Denne oppvekstromanen fekk nynorsk barnelitteraturpris i 2004. Han vart også nominert til Brageprisen. Juryen si grunngjeving gjev ei oppsummering av dei gode kvalitetane i boka:  

« … den som krinsar rundt merkelege dødsfall, forsvinningar, skulekvardag, mobbing, plystrejenter, familieliv og ei veslesyster med sterk vilje. Forfattaren har skrive ei underfundig og morosam bok, med plass til kjensler, forvirring og spontane handlingar, og der komikk og latter dansar hand i hand med refleksjonar over førebuing til vaksenlivet. Likevel gjer boka eit sterkt inntrykk av å handle om verkelege personar, der dei konkrete hendingane og dei mange uventa detaljane får historia til å kvile i ein trygg realisme.»  

Kritikarane var også svært positive til boka:  

«Trenger jeg å si det tydeligere: Arnfinn Kolerud har skrevet en rik, engasjerende, morsom og interessant roman som jeg tror mange vil like like godt som jeg likte den. Han er en forfatter som ikke har fått utgivelsesfeber siden han siden han vant Kulturdepartementets debutantpris i 1996 med Berre ikkje brøyteplogen kjem … Etter Den som ikkje har gøymt seg no er det bare å glede seg til å følge dette forfatterskapet.»
Inger Østenstad, Barnebokkritikk

I år er Kolerud aktuell med ungomsromanen Zoomarferien.