Boka om meg

Boka om megIllustrert av Eva Eriksson

Den første boka barnet får når det kjem til verda er ofte ei bok der mor og far kan lime inn bilete og fortelje om dei første timane, dagane og åra i livet til barnet. Den første jula, den første fødselsdagen, mjølketenner, steg og ord. Det Norske Samlaget har laga ei svært god nynorsk utgåve av nett denne typen bok.

Sjølv om det er lite tekst i boka er det likevel snert og humor i ordvalet. Eva Eriksson sine herlege illustrasjonar kjenner vi frå Den ville ungen og bøkene om Pål.

Ei flott gåve til nybakte foreldre og nye verdsborgarar!