Barbro Lindgren: Jamen, Benny
Bilete av Olof Landström
Frå svensk ved Stein Versto
Ei utfordring som små barn møter tidleg i livet er å få søsken. Ofte er det noko ein ynskjer seg heilt til ein får det. Ein innser fort at det slett ikkje er berre moro med ei lita søster eller ein bror i huset.
Den vesle grisen Benny har det slik. Han har nett fått ein liten bror. Han ville det. Og då fekk han det. Men broren berre skrik og skrik, så mor gjev han ein smokk. Benny får ikkje smokk, Benny er for stor til å ha smokk, seier mor. Benny er alt lei av veslebror, han vil heller ha smokken. Så tek han Veslebror med ut …
På ei farefull ferd ut og heim møter Benny nokon som skremmer han og nokon som hjelper han. Trygt heime får veslebror smokken tilbake, og inne i huset att får Benny ros av mor.
Denne biletboka kan lesast heilt ned i toårsalderen, og den vesle lesaren vil kjenne seg att i kjenslene Benny har. Boka er eit godt utgangspunkt for fine og viktige samtalar med barnet, kanskje særleg i samband med at ein blir fleire i familien.
