Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Rasmus Løland: Kor vart det av jula?

Illustrert av Espen Friberg

I dag presenterer vi ei gripande forteljing som vart utgjeven første gongen i 1894. I samband med 100-årsmarkeringa av forfattaren Rasmus Løland vert denne klassiske langnovella utgjeven på nytt, språkleg revidert av Arnt Birkedal. Gutar, forteljingar i utval og biletboka Kvitebjørnen er andre nyutgjevingar i markeringsåret.

Hallvard har gledd seg slik til jul. Storebroren skal kome heim frå jordbruksskulen. Hallvard trur ganske sikkert at Morten har kjøpt med seg ein flott tinnsoldat til han i julegåve. Ingen av kameratane har så fine leiker, Hallvard greier nesten ikkje å vente! Reisekista står i gangen, nøkkelen står i, og med eitt er alle dei andre ute eit ærend …

Den uskuldige tjuvkikkinga i kista får mykje større konsekvensar enn Hallvard hadde tenkt seg. Spenninga og gleda vert avløyst av skam, anger og sinne. Løland tek barnet sin synsvinkel, han skriv konkret og jordnært, utan å moralisere. Problemstillinga og kjenslene er like aktuelle for spente born som er freista til å avsløre innhaldet i julegåvene før julekvelden vi ventar på i år. Boka eignar seg best for dei eldste på småskulesteget og elevane på mellomtrinnet.

Rasmus Løland (1861–1907) er rekna som ein sterk pioner i norsk barnelitteratur. Han skreiv i alt nærare 30 bøker, og er ein av dei første realistane innan denne sjangeren.

Kategoriar

Fleire boktips

6–9
9–12
6–9
9–12