Odd Nordstoga: Jul i Svingen: Sangbok

Jul i SvingenKjetil Indregard, Odd Nordstoga, John Vinge
Illustrert av Eivind Gulliksen.

Eg vil heim til jol, eg
stå i snøen utpå tunet
og vera klar
når klokkene dei kimar
fyller dalen med den songen
som var før.

Dei helsar med eit mildt drag
fyller husa med godt hjartelag,
og då veit eg at eg høyrer til.


Jolevise. Tekst/melodi: Odd Nordstoga

I samband med NRK si julekalendersatsing i 2006, «Jul i Svingen», er det mange såkalla «spin off»-produkt i handelen. Denne songboka er eitt av desse. Fleire av songane har nynorsk tekst. Dei er lette å syngje, med fine melodiar og stemningsfullt tekstinnhald.

Kritikarar påpeika at innhaldet i serien ikkje ivaretok den kristne kulturarven julefeiringa vår er tufta på. Det gjer heller ikkje tekstane i desse songane. Dette kan ein like eller ikkje like, men i ein multikulturell skulekvardag kan det i somme høve vere bra å ha songar å ty til som ikkje har eit forkynnande innhald.

Musikken finst innspelt på CD, og på vevsidene til NRK kan ein vere saman med Linus og venene hans kvar dag fram til julaftan: www.nrk.no/linus