Anna Gavalda: Saman er ein mindre aleine

Saman er ein mindre aleineOmsett av Tove Bakke

«Jeg har lurt både kona og datteren min til å lese nynorsk, jeg!» Den stolte journalisten eg hadde på tråden ville gjerne fortelje om den flotte leseopplevinga familien nettopp hadde delt. Boka som hadde fått dei innbitne sidemålsmotstandarane han budde saman med til å kose seg med ei nynorsk omsetjing, var den franske suksess-romanen Saman er ein mindre aleine.

Omsett til 36 språk. Over to millionar selde i Europa. Det er ein retteleg bestseljar vi presenterer i dag. Med sine 611 sider kvalifiserer den vel også til nemninga «murstein». Forteljinga er stor i dobbelt forstand. «En sprudlende herlig roman», melde Terje Stemland i Aftenposten.

Fire menneske, Camille, Philibert, Franck og Paulette, kjem til å møtast. Historiene deira er kvar for seg vonde nok til å kunne knekkje dei. Kvar av dei har likevel eineståande talent, og i fellesskapet dei utviklar får desse fritt spelerom, til gjensidig beundring og venskapleg applaus frå dei andre. Kokkekunst, biletkunst, fransk historie og hagestell er livsbøyer for hovudpersonane, lesaren får frodige og sanselege møte med alt dette.

Først og sist er dette likevel ein kjærleiksroman, om korleis det å kunne elske og bli elska medfører stor risiko når ambisjonen har vore å overleve. Med eitt står alt på spel. Alt kan gå tapt, alt ein har drøymt om kan bli sant. Eitt avgjerande sekund, dei viktige orda ein kan seie, eller teie med.

Tove Bakke si omsetjing er glitrande, dei herlege replikkane til dronninga av Saba på reinhaldsbyrået Toclean i særklasse! Murstein eller ikkje, det tok ikkje meir enn eit par dagar å kose seg gjennom alle sidene, ein «pageturner» med andre ord.

Boka finst også i lydbokutgåve.