Nynorsksenteret: Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa


Lene Kaaberbøl: Skammarserien

Skammarens dotterSkammarens dotter, Skammarteiknet, Slangens gåve og Skammarkrigen
Omsette av Øystein Rosse

Når ein opnar den fyrste boka i skammarserien, fell augo på ei samling med kart over landområde, byar og borgar. Eg ser det som eit lovande teikn når ei bok har med slike kart, og det skulle snøgt syna seg at alle vonene eg fekk, vart innfridde. Etter nokre få sider vert ein hekta, og ein får knapt til å leggja frå seg bøkene før ein er ferdig med heile serien.

I serien møter me Dina, som bur saman med mor si og to sysken. Dina har arva skammarevna frå mor si, ei evne som gjer at ho, ved å sjå på folk, kan få dei til å skamma seg for og tilstå alt det galne dei har gjort. Det gjer at nesten ingen torer sjå Dina i augo. Andre viktige personar i serien er Davin, som er bror til Dina, og fyrstesonen Nico.

Kaaberbøl har skore bort alt som ikkje er naudsynt i forteljinga, slik at bøkene ikkje har eit einaste daudpunkt. Bøkene er lette å lesa, og språkstilen høver godt til forteljinga. Språket har eit godt driv, og det er heile tida handlinga som er i fokus, utan at det går ut over personskildringane.

Samfunnet i serien kan minna om ein mytisk mellomalder, og me møter tjuvar, klan-folk, alkymistar, drakar og den vonde fyrst Drakan. Utetter i bøkene får Drakan og drakehæren hans meir og meir makt, og Dina og familien vert etter kvart ein del av den gryande motstandsrørsla mot honom.

På mange måtar kan ein seia at bøkene handlar om identitet, å sjå konsekvensane av handlingane sine og å gjera det ein sjølv meiner er rett. Kombinasjonen av dei godt skildra ålmennmenneskelege problemstillingane og den storslegne og mytiske verda, er noko av det som gjer at skammarserien verkeleg utmerkjer seg. Kaaberbøl er ein meister i å byggja opp spaninga, og ho kan òg den langt vanskelegare kunsten å avløysa spaninga utan at det vert eit antiklimaks av det.

Bøkene finst i lydbokutgåver: Skammarens dotter, Skammarteiknet, Slangens gåve og Skammarkrigen.