Haakon Aasnes: Smørbukk – Hurra for Hoppjentene

Hurra for hoppjenteneSmørbukk, julehefte 2007

Julehefte er ein viktig del av julekosen. Å komme i julestemning er mykje knytt til tradisjonar, at noko er likt og gjentek seg år for år. Smørbukk kan ein stole på i så måte. Juleheftet om den tidlause, nynorske teikneseriehelten er i handelen i år også, slik det har vore kvart år sidan starten i 1941.

Hurra for hoppjentene er tittelen på heftet i år. Smørbukk er aktuell og oppdatert, hendingane er høgst aktuelle.

I avisa Grende-Nytt melder dei:

Hoppjentene Bjørg og Nadia utfordrar den tidlegare Holmenkoll-deltakaren Hallstein Kvart. Den kjende hoppveteranens standpunkt når det gjeld jenter i hoppbakken, er velkjent. «Hoppar du lenger enn oss på treninga i morgon, så trekkjer vi oss frå rennet,» seier jentene. Kjend verprofet spår at klimaendringane er i full gang. Snøen vil forsvinne om nokre dagar. Tidleg vår, seier han vidare.

Det er Norsk Barneblad som gjev ut juleheftet. Norsk barneblad er eit reklamefritt blad for barn i alderen 10–14 år, og er redigert på nynorsk. Meir informasjon, spel og moro på heimesidene www.norsk-barneblad.no.