Tuss og troll

Tuss og trollTuss og troll, julehefte 2007

Solveig Muren Sanden (f. 1918) har teikna i Tuss og troll sidan ho tok over for Jens R. Nilssen i 1957.  Ho er spesielt kjend for desse flotte eventyrseriane.

I år har ho teikna til eventyret Trollet og toreveret, medan Haakon Aasnes står for teikningane i det andre eventyret i heftet, Dei to skreddarane.

Om julehefta er i hus, er det berre å vente på julekvelden. Vi som skal feira nynorsk jul kan i fylgje Ragnar Hovland gle oss litt ekstra:

Eg skal feire nynorsk jul. I år som i alle andre år. Og vi som feirar den nynorske jula har store fordelar. Der vi sit i godstolen og les ‘Smørbukk’, ‘Tuss og troll’, ‘Vangsgutane’, ‘Peik’ og alle dei andre gode og spennande nynorske julehefta, veit vi at vi kan gå trøystig inn i jula. Vi kan berre leggje i oss av pinnekjøtet og juleakevitten utan å tenkje på helsa. For vi er jo nynorskingar og har dermed eit mykje sunnare utgangspunkt enn dei andre. Her er det ikkje mykje hjarte- og karsjukdommar å sjå, skal eg seie deg. Og når vi går rundt treet og syng ‘Fager er jordi’, ‘Det hev ei rosa sprunge’ og ‘Her kjem me, dine arme små’ mens den nynorske julesnøen lavar ned utanfor, så kjenner vi at dette har vi fortent. Dette er belønninga for alt strevet og all motgangen vi må gjennom elles i året.’

Tuss og troll er utgjeve av Norsk barneblad.