Hoem og Sommerro: Den fattige Gud

Den fattige GudTekst: Edvard Hoem
Melodi: Henning Sommerro

Edvard Hoem skaper høgtid av kvardagsord, skreiv meldaren i Vårt Land om denne samlinga av salmar og balladar. Det er ei treffande skildring av desse store, men likevel kvardagslege tekstane. Songane i boka er resultat av eit nær 30 år langt samarbeid mellom Edvard Hoem og Henning Sommerro. Her finn ein notar og besifring til bruk både i små og større samanhengar.

I 1993 gav Kirkelig kulturverksted ut ei plate med fleire av desse salmane. Musikken er spelt inn i Moskva, Hildegunn Riise er solist, og det russiske koret Voskresenije syng.

Eit utdrag frå julesalmen «Den fattige Gud» får avslutte dette siste boktipset i 2007. Ein tankevekkjande tekst som set julefeiringa i perspektiv. God jul!

Men er det sant at dei som bur
i svolten kring vår jord
er Gud som menneske, da trur
vi og at du er stor.
Når svoltens hær frå land til land
bryt opp og krev ei anna verd
Vil vi forstå, med vår forstand
kva for ein mektig Gud du er.