Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Torvald Sund: Fuglefangartreet

Illustrert av Per Dybvig

Vi kan gle oss over at nynorske omsetjingar av klassikarar som Charlie og sjokoladefabrikken og Georgs magiske medisin er på veg. Men ein treng ikkje omsetje Roald Dahl for å få skrekkelege skildringar av fryktelege bestemødrer! I boka Fuglefangartreet møter lesaren ei nifs bestemor som berre tenkjer på å gje det kjøttetande treet sitt nok mat, helst barnemat …

Torvald Sund har skapt ein bestemorfigur som bryt med alle forventningar vi har til bestemødrer. Ei einaste helg skal ho passe barnebarnet sitt. «Tusen takk bestemor, for at du lærer meg folkeskikk» må hovudpersonen seie når bestemora tvingar han til å ete graut med fiskerestar eller klipper av han håret med kniven ho har i beltet.

Utgangspunktet for forteljinga er realistisk nok, mor skal på klassefest og bestemor skal vere barnevakt. Etter kvart vert historia meir og meir overdriven og eventyrleg, den vesle guten som skal feitast opp som ein slaktegris gjev til dømes assosiasjonar til eventyret om Hans og Grete.

Slik vert den skumle forteljinga ei skrekkblanda, men frydefull og morosam leseoppleving. Boka er gjeven ut i serien «Lesehesten» på Aschehoug forlag. Ho er lett å lese, og passar for dei eldste i småskulen og dei yngste på mellomtrinnet. Som i ein ekte grøssar er det når du trur at det skumle er over at det verkeleg byrjar. Kanskje bur denne fæle bestemora heime hjå deg!

Fleire boktips

6–9
9–12
9–12
9–12