Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Magnhild Bruheim: Ny melding

Krim er ein populær sjanger. Stramme rammer, spennande historier, alltid ei løysing, eitt rett svar. Magnhild Bruheim er ein etablert kriminalforfattar, men dette er den første boka der ho har ungdom som målgruppe. Med rutinert grep om sjangeren skaper ho ei skummel og skremmande forteljing med mobiltelefonen i sentrum for dramatikken.

Bente, snart 15, må vere heime den kvelden det heile startar. Foreldra har bestemt at onsdag skal vere familiekveld med god mat, koseleg samvere og viktige samtalar. Bente vil mykje heller vere med dei andre på kino. Tekstmeldingar fer att og fram mellom henne og besteveninna Kari-Marie, eller Kami som venene kallar henne. På veg heim med bussen ringjer Kami til Bente og fortel at det sit ein kjempesøt, litt eldre gut og kikar på henne. Han går av på same haldeplass! Brått vert forbindelsen broten, og når Bente ringjer mor til Kami seinare på kvelden er ho endå ikkje komen heim. Natta går, Kami er framleis forsvunnen.

Snart er både politiet og pressa engasjerte i å finne Kami. Er ho kidnappa? Har ho rømt? Bente får tekstmeldingar frå Kami sin telefon, er det verkeleg Kami som sender dei? Ho kan ikkje seie noko til dei vaksne, men får snart sjansen til å dra til Oslo og finne Kami sjølv.

Kvar går grensa mellom å varsle og å sladre? Kva betyr mest: ei god veninne eller ein ny kjærast? Kvar skal ein setje grensa når leiken vert farleg alvor? Kven kan ein stole på, kven lyg? Eit usvikeleg venskap som begge jentene set sin lit til vert deira sterkaste kort i møte det kriminelle miljøet dei vert lurte inn i.

Handlinga er dramatisk og alvorleg, men høgst truverdig og svært spennande. Boka passar frå 13 års alder. Den frittståande oppfylgjaren Venneringen, som også handlar om Kami og Bente, høver for same målgruppe.

Fleire boktips

krim
ungdomsbøker
lettlesne bøker
9–12