Eva Jensen: Skulestarttrilogien

Alt kan begynne med kvittTre høns på plenen og fire eggAlle i Alta kan
 
 
 
 
 
 
 
 
Alle i alta kan. Alfabetdikt
Tre høns på plenen og fire egg. Ei bok om tal
Alt kan begynne med kvitt. Ei bok om fargar og former

Torsdag 17. april 2008 er det tid for konferansen Språkstimulering i Bergen. Frå ulike innfallsvinklar skal fagfolk og forfattarar ta føre seg korleis born kan ta dei første stega inn i den nynorske skrifta. Nynorskbok.no vil i vekene fram mot konferansen fortelje om bøker som er særleg høvelege for dei eldste i barnehagen og dei yngste på skulen. I dette boktipset startar vi med tre originale fagbiletbøker av Eva Jensen.

Eva Jensen fortel at ho lenge hadde hatt lyst til å skrive ei poetisk ABC for barn. Ho var inspirert av mellom anna Olav H. Hauges ABC. Boka med alfabetdikt kom i 2000 og er illustrert av Inger Lise Belsvik. Her er diktet til bokstaven A:

Alle i Alta kan
alle i Alabama kan
alle i Alaska kan
alle i Asia kan

men apa kan ikkje
og anda kan ikkje
og anakondaen kan ikkje
og ansjosen kan ikkje

Kan ikkje kva? Lære alfabetet, vel!

Etter kvart fekk Jensen idear til to nye biletbøker, slik at det vart ein trilogi. «Skulestarttrilogien» vert han gjerne kalla. Først kom Tre høns på plenen og fire egg. Denne boka er illustrert av Gry Moursund, vart nominert til kritikarprisen for 2002 og er omsett og seld til fleire land både i Europa og i Asia. Boka byr på ein spennande og frodig introduksjon til tala si verd, illustrasjonane er fargesprakande og fulle av overskot.

Gry Moursund har også illustrert den tredje boka, som kom i 2004, Alt kan begynne med kvitt.

(kvitt)

Ny teikneblokk
nye, kvite ark
marker med nysnø som ingen enno har gått på

kvitt, kvitt, alt kan begynne med kvitt

I denne tredje boka, som dreier seg om fargar og former, er tekstregisteret som i dei to andre herleg variert, her er dikt, ordtak og miniforteljingar, heile tida illustrert på ein slik måte at lesarane kan fabulere vidare og undre seg over det heile. Fargane, formene, tala og bokstavane. Dette er tre unike fagbøker for småskuletrinnet, og bør finnast i alle skulebibliotek!