Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Øystein Runde: The very best of Rundetid

RundetidSerieskaparen Øystein Runde er mellom anna kjend for seriane Bjartmann, som gjekk i Larsons Gale Verden, og Margarin, som han laga saman med Kristopher Schau. I Rundetid møter me fyrstikkmenneske i situasjonar som er både morosame og pinlege. Dei smiskar med kyr, leikar Fight Club, ser paralympics-ishockey, er seksuelt frustrerte og har pinlege samtalar med foreldra sine. Den enkle stilen gjer at serien får eit spontant preg. Som Runde skriv i føreordet:

«Om nokon påpeiker at det ikkje er rare greiene å laga fyrstikkmenn, så er eg kaklande einig. Eg er litt usikker på kvifor eg framleis får sleppe unna med det. Likevel klarer eg ikkje å synast noko anna enn at Rundetid ofte fungerer betre enn ting som eg brukar årevis på å plotte ut, strukturere, skissere og photoshoppe etter å ha samla inn haugar med referansebøker og google images.»

Fleire boktips

6–9
krim
dikt
unge vaksne