Lars Mæhle: Harry Houdinis elefant

«Psst! kviskrar Tor Andreas. – Det er pokerlag i teltet vårt. – Endeleg litt action, seier Roald, allereie på veg opp frå soveposen. Vi andre ser prøvande på kvarandre. Ingen av oss har eigentleg lyst. Det synest på mils avstand. Men ingen vil risikere å hamne utanfor. Og det er nettopp det: Å vere utanfor er det verste av alt. Hamnar du først utanfor, er det gjerne uråd å komme innanfor igjen. Særleg når trekukar som Tor Andreas styrer spelet.»

Seinsommar. Norway cup. Gutelaget er stua i hop i telt på Ekebergsletta, dei skulle ha sove for lengst, før kampen mot Mathare United i morgon. Det handlar eigentleg ikkje så mykje om fotball i denne ungdomsromanen. Hovudpersonen Anders er klemd mellom lengselen etter å vere med i kameratflokken og sin eigen integritet og indre motstand mot brutaliteten som får dominere. Han sit på sin faste plass nedst på reservebenken, då mor hans plutseleg ringer. Den biologiske faren, premiekødden over alle premiekøddar, som aldri har ønskt kontakt med Anders, har fått kreft. Han har eitt ønske: Å møte sonen før han døyr.

Det handlar heller om dei store tinga, om livet, døden og etter kvart også om kjærleiken. Men Lars Mæhle frir til lesarane med spenningsbobler fulle av øl, poker, damer og pussige rekordar. Språket er rått og engasjerande. Når vi er fanga i spenninga og humoren, skiftar forfattaren nesten umerkeleg gir:

«Boka vil snakke til alle som kjenner seg litt annleis og på leit etter eigen kurs i ei ofte forvirrande verd. Mogninga som skjer med hovudpersonen er godt skildra, spesielt dei tristaste scenene er poetiske og framstår svært finstemte.» (May Grete Lerum, VG.) Denne forteljinga er ein snarveg til den frigjerande innsikta om at kva som er utanfor og kva som er innanfor står i kvar enkelt av oss si eiga makt å definere.