Sissel Horndal: Himmelspringaren

«Det byrja ei natt i april. Heile Rakkarhågen var pakka inn i skodde, og Gullullafjøset såg ut som det hang i lause lufta. Inne i fjøset sto Fjellfjosa, ballrund som ei kule. Johanna godprata med ho, klødde ho bak øyra og kviskra mjuke ord. – Kjære, flinke Fjosa mi, sa ho. – Kor eg gler meg til å sjå ungane dine. Det Johanna ikkje visste var at det denne natta skulle bli født eit lam i Gullullafjøset som ingen hadde sett maken til i heile fjorden. Og sikkert ikkje i fjorden bortanfor heller.»

Slik byrjar forteljinga om Lilla Himmelspringar. Allusjonane til eventyret om den stygge andungen er tydelege, mange vil nok også tenkje på frelsaren i Davids by. Historia kviler likevel ikkje på andre tekstar, sjølv om tema og bodskap er så viktige at mange forteljingar har vore bygde kring liknande motiv.

Fjellfjosa får tre kvite, fine lam denne natta. «Plutseleg daska endå ein krusedull rett ned i golvet. Alle vart ståande og gape. Noko var FULLSTENDIG gale. Ho er jo … lilla! sa Johanna.» Noko lilla lam vil ikkje Fjellfjosa ha, det fjerde lammet vert kopplam og får ikkje vere med på fjellet. Men Gamalsauen har vore kopplam sjølv. Og ho kjenner alle vegane i fjellet.

Illustrasjonane er svært gjennomarbeidde og fortel fleire historier parallelt med teksten. Vakre og humoristiske på same tid, spennande og varierte. Teksten er lett å lese og etter kvart berre fortelje. Dyra og fjellet har fått namn som gjev forteljinga ekstra fin poetikk: Varslar er uroleg. Kvasskjeften! ropar sauene redde når jerven kjem. Lilla lokkar han med seg vekk frå Heimfjella og opp mot Daudingekløfta.

Så hoppar Lilla. «Det BESTE og LENGSTE hoppet nokon sau hadde gjort i Heimfjella på fleire hundre år.» Hoppet står i stil med boka. Dette er den beste og finaste biletboka eg har lese på mange år!

(Frå 3 år.)