Vincent Jullien og Emeline Lebouteiller: Oppfinningar og oppdagingar

Oppfinningar og oppdagingarIllustrasjonar: Axel Renaux
Omsett av Margunn Vikingstad

Når du er hjå doktoren, vil han undersøkje deg og kanskje skrive ut ein resept. Men det har ikkje alltid vore så enkelt. Menneske har brukt tusenvis av år på å forstå korleis kroppen fungerer og finne dei rette lækjemidla.

Ynskjer du å lære meir om helse, teknologi og mykje anna, er boka Oppfinningar og oppdagingar noko for deg. Dette er boka som har «illustrasjonar og informasjon for å få greie på og skjøne alt». Visste du til dømes at allereie 700 år f.Kr. nytta dei dyretenner for å erstatte manglande tenner og at det første gebisset, med tenner av porselen, blei laga på 1700-talet?

Oppfinningar og oppdagingar gir deg ei humoristisk og informativ oversikt over dei viktigaste oppfinningane og oppdagingane i menneskelivet. Boka er inndelt i fire overordna tema, og kvart oppslag har fleire små tekstavsnitt med mange leikande illustrasjonar og bilete som støttar tekstinnhaldet.

Boka kan fint nyttast i både skulen og heime, og her vil både unge og vaksne finne mange artige fakta. Det er ingen tvil om at dei yngste vil glede seg over mange av bileta, men tekstinnhaldet passar barn på mellomsteget og oppover.