Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Lars Westman og Erna Osland: På liv og død

Ei bok om sensasjonar – sanne sensasjonar i naturen og historia. På liv og død inneheld spennande, korte tekstar for aldersgruppa 10–13 år. Ein kan byrje bak eller framme eller på midten, lese alt eller berre litt. Lese heime eller på skulen, ute eller inne. Her er 29 spennande tekstar om alt mellom himmel og jord!

Som til dømes månen. Månen er ein bit av jorda. «Ein trur at månen blei broten laus frå jorda ein gong for fire milliardar år sidan. Det var ein stor meteor som trefte jorda og reiv laus eit stort stykke. Til å begynne med var han ganske nær jorda. Men månen blir faktisk dregen lenger og lenger ut i rommet. Det går ikkje fort. Berre tre centimeter på eit år. Tre centimeter er ikkje mykje, omtrent som stortåa di. Men på ein million år blir det mange mil!»

Etter at læreplanen vart revidert i haust er det sett av endå meir tid til lesing for denne aldersgruppa. Men det er ikkje lett å finne kort og god sakprosa for større barn. Særleg ikkje på nynorsk! Det ville vi gjere noko med, fortel redaktør Knut Åge Teigen. – Boka har fakta og oppsummerande spørsmål til kvart kapittel. Ho vil vere lett å bruke i skulen. Først og fremst har vi likevel laga boka av rein interesse! Dette er spennande ting det er kjekt å lære meir om, både heime og på skulen, seier han.

Tsunami og tornado, blodtørstige pirajaer og blodsugande flaggermus, Snorre og Columbus, pyramidane og den kinesiske muren, Ismannen og vulkanar. Tema er så varierte at det er vanskeleg å oppsummere dei annleis enn boka sjølv gjer: «På liv og død, sensasjonar i naturen og histora.» Forfattarane borgar for kvalitet. Tekstane er korte og kjekke. Dette er ei bok som har mangla!

(utgjeven på GAN Aschehoug)

Fleire boktips

ungdomsbøker
lettlesne bøker
3–6
9–12