Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Gyrid Axe Øvsteng og Per Ragnar Møkleby: Finn!

FinnISBN: 9788252186239

Utgjevar: Det Norske Samlaget

I denne appellerande og finslipte bildeboka møter lesaren tre generasjonar Finn: Finn, Vesle-Finn og Bittevesle-Finn, tre Finn-ar som alle leitar etter noko, men slett ikkje det same. Pappaen til Finn seier tog berre kan gå på skinner. Finn veit betre, for han er ein fabulerande fyr som meiner at alt går an! Han veit toget hans kan gå kor det skal vere, og difor reiser han ut i verda på leiting etter den aller beste tingen!

Fleire boktips

3–6
Frost
3–6
3–6
3–6