Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Øystein Runde: Soga om Olav Sleggja

SleggjaDet nyaste verket til serieskaparen Øystein Runde, Soga om Olav Sleggja, er ein teikneserieroman frå vikingtida. Olav Sleggja vart i si tid redda av Olav Tryggvason, og han står difor i gjeld til kongen. Gjennom teikneserien fylgjer me Sleggja i kampen for å freista lausriva seg frå Tryggvason og den norrøne æreskodeksen, slik at han på ny kan verta ein fri mann. «Kva slags mann går vel rundt og brukar tid på å vurdere seg sjølv, når det er andre si vurdering som lever vidare?» spør Tryggvason, som syner seg å vera ein særs usympatisk motstandar.

Øystein Runde fortel soga på spanande vis, og han har med innslag av både historiske kjelder, nittenhundretalspoesi, inspirasjon frå japanske teikneseriar og norrøne soger. Til dømes er replikkane i den endelege, blodige kampen mellom Sleggja og Tryggvason, henta frå eit Olav H. Hauge-dikt. Serien har òg innslag av humor. Eit godt døme er scena der Torfinn Pil og Råg Gunnlaugsson i god norrøn sogestil har denne replikkvekslinga: – Herre, tilgi meg! Eg kan ikkje gjere det du har meg i hird for å gjere. – Kvifor? – Eg har ei øks i andletet, og på vegen dit kløyvde ho eine handa mi og bogen min.

Forteljinga er gjennomsyra av ein sterk, underliggjande humanisme. Ho får lesaren til å stogga opp og stilla seg sjølv mange spørsmål undervegs, og ikkje alle er like lette å svara på. Soga om Olav Sleggja er difor ein teikneserie som gjer inntrykk på lesaren.

Sjå trailer for boka:

Fleire boktips

ungdomsbøker
6–9
krim
dikt