Eventyrboka

eventyrbokaSkald forlag
Illustrert av Gunvor Rasmussen

«Første fabel om Opus» handlar om ein liten aurom, ein gul kvapse, ein diger muggedàs og ein heil flokk med fabbepiltar. Alle har gløymt korleis dei skal seie takk. Folkeskikken no til dags er ikkje som han var. Eller? Eventyrboka inneheld nye nynorske eventyr frå 19 forfattarar. Nokre er klassiske, andre er nyskapande. Alle er gode!

– I Skald forlag fordeler vi prosjekta ut frå kva bøker vi verkeleg brenn for og kven som har mest engasjement for ei utgjeving. På den måten vert nesten alle bøkene våre «hjartebarn», og Eventyrboka er mitt, smiler redaktør Simone Stibbe. – Vi satsar stort på det visuelle. Gunvor Rasmussen har teikna eventyr i heile sommar! I tillegg er vi svært opptekne av korleis det kjennest å ha boka i handa. Vi ville at det skulle vere godt å halde i denne boka, så vi har vore nøye med val av materiale.

I 2007 gav Skald forlag ut Godnattboka, som fekk nynorsk barnelitteraturpris. Straks du får auge på Eventyrboka i bokhandelen vil du kjenne att formgjeving, illustrasjon, format og materiale. Ei påkosta og fin bok.

– Denne gongen er alle forfattarane etablerte, for eventyrsjangeren er utfordrande, og eg har nok vore svært streng, fortel Stibbe. Det var mange som ikkje torde å prøve, og det var fleire som ikkje lukkast. Berre dei beste kom med. Dei første eventyra passar for dei yngste. Utover i boka vert forteljingane meir avanserte, forklarar ho.

«Lengst sør i Italia ligg Calabria. Spora etter eit hardt liv har gjort andleta til innbyggjarane barske og tilknappa. Men slik som våren kler det steingrå landskapet med gyllen gyvel, raude valmuar, kvite prestekragar og blomstrande sitronhagar, kan også calabresarane mjukne til og bli hjartelege i møtet med framande.»

Eg er bak i boka no. I eventyret om Kokken frå Calabria. Har lært at tiramisu er italiensk og betyr «lyft meg opp». Det passar. Dette eventyret lyftar lesaren. Du finn heilt sikkert også ein favoritt. Eg har forelska meg i kokken frå Calabria!