Tuss og troll 2009

Tussogtroll2009I år kan Tuss og troll-juleheftet by på to nye eventyrteikneseriar. Den fyrste, «Huldrekua», er eit nyskrive eventyr med tekst av Gard Espeland og teikningar av Håkon Aasnes. Det andre, «Solveig og udyret», er ein variant av eit tradisjonelt europeisk folkeeventyr. På «Solveig og udyret» er det Nana Rise-Lynum som står for teksten, medan den unge teikneserieskaparen og illustratøren Astrid Hansen gjer ein strålande debut som Tuss og troll-teiknar.

I tillegg til dei to nye seriane inneheld juleheftet i år tre klassiske eventyrteikneseriar frå 1959, alle signerte Johannes Farestveit og Solveig Muren Sanden. Me får òg servert to tekstar med bakgrunnsstoff om eventyra og innsamlinga av dei.