Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Aina Basso: Fange 59. Taterpige

Opplegg til boka:
Undervisingsopplegg om romanane til Aina Basso:
For ungdomsskule
For vidaregåande skule

Maria er ei 16 år gammal taterjente som kjem bort frå dei andre i følgjet då ho spring for å kome seg ut av byen før byporten stenger. Ho har vore saman med familien sin for å selje varer i byen, men der er ikkje lov for tatarar. Då dei ikkje lenger leitar etter ho, kjem ho i kontakt med nattmannen som gir ho mat. Men brått dundrar det på døra, og ho blir arrestert og hamnar på tukthuset. Her går dagane med til å karde og spinne, men også til å knytte venskap. Ho kjenner ein gut ho stadig tenker på, og tankane om flukt er heller aldri langt unna. Hendingane går føre seg i 1749.

Etter eit år på tukthuset får Maria tilbod om ein jobb hos stiftsprosten fordi ho har skikka seg vel. Her må ho lære korleis eit fint hus skal stellast og korleis ho sjølv skal te seg, og skilnaden mellom folk i ulike samfunnsklasser kjem tydeleg fram. Her blir ho kjent med Josefa som også har vore på tukthuset, men kvifor får ikkje Maria vite med det same. Prosten og frua får besøk av ein ung student han er onkel til, og han er mange begeistra for. Dette besøket får konsekvensar for fleire. Marias tankar er stadig hos folket sitt, og ho tenker mykje på å rømme frå prosten. Men kanskje har ho vore for lenge borte frå dei?

Sjå film der forfattaren presenterer boka:

Utdrag frå boka

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
lettlesne bøker