Art Spiegelman: Maus

Spiegelman_MausTeikneserieklassikaren Maus – historia til ein overlevande er endeleg tilgjengeleg på norsk att, i Lars Amund Vaage si nynorske omsetjing. Me følgjer to parallelle historier i boka. Den eine er forteljinga om korleis Vladek Spiegelman, far til Art, vert råka av jødeforfølgingane i Polen og nær drepen i Auschwitz. Den andre forteljinga er om Art Spiegelman sjølv og arbeidet hans med å skriva ned og laga teikneserie av augevitneskildringane til faren. Gjennom arbeidet freistar han skjøna meir av både soga, faren og familien sin, men det er ikkje alltid like lett. Som han sjølv seier i ein replikk på side 176: «Eg kjenner meg så inadekvat når eg prøver å rekonstruere ei fortid som er verre enn mine svartaste draumar. Og å prøva å gjera det i ein teikneserie!» Men resultatet vart ikkje berre bra, det vart so bra at Spiegelman vann Pulitzerprisen for teikneserien.

Måten dei to forteljingane vert kombinerte opnar for nokre interessante metanivå. Eit enkelt, men godt døme er byrjinga av del II. I teikneserien er jødane teikna som mus, tyskarane som kattar, polakkane som griser osb. Del II opnar med at Art sit og teiknar skisser og byrjar diskutera med den franske kona si kva for dyr han skal teikna henne som. Slike ordskifte om kva løysingar som skal veljast i teikneserien finst det fleire av i boka, og dei er med på å byggja opp under det dokumentariske preget som forteljinga har. Det dokumentariske inntrykket vert dessutan styrkt av at forteljarstilen er reinskoren og usentimental, noko som òg gjer at hovudpersonane i større grad vert levande for oss. Som Umberto Eco har sagt om boka: «Når to av musene snakkar om kjærleik blir du rørt, når dei lid, græt du.»

Boka kan òg lesast på skjerm på sidene til Nasjonalbiblioteket.