Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Titus Kodzoman og Anne Angelshaug: Torbjørn Isbjørn

torbjornisbjornOpplegg til boka:
Avis i barnehagen – Bergetippen barnehage lagar avis med utgangspunkt i Torbjørn Isbjørn.

Langt, langt mot nord, så langt nord som det er mogleg å kome, der bur isbjørnane. Isbjørnar er store, sterke og modige – og knapt redde for nokon ting. Det einaste isbjørnar er redde for, er å ramle av jordkloden. Det er fordi dei bur heilt oppe på toppen. Vesle Torbjørn Isbjørn er redd for noko mykje verre. Han er redd han ikkje er ein ekte, skikkeleg isbjørn. Fordi han frys!
– Har du sett den vesle brune flekken han har i pelsen? spør illustratør Anne Angelshaug lurt. Den har eg ikkje sett! Eg er kry fordi eg har sett den gule tråden som går gjennom heile boka og blir eit ekstra varmt og godt skjerf til Torbjørn. Men her er altså endå meir å sjå etter i dei fine illustrasjonane.

I tillegg til at ein kan gå på jakt etter løyndomar i bileta, har teksten også luker som vil opne seg litt etter litt, for kvar gong ein les forteljinga, etter kvart som ein blir større. Boka vil vekse med lesaren.

Ein stad spør Torbjørn bestemor kor gammal ho er. – Eg er eldre enn tennene mine og yngre enn navlen min, svarar ho då. Tenk litt på den!

Torbjørn Isbjørn er ei ny påkosta utgjeving frå Skald forlag. – Eg er så glad for at dei har brukt mykje ressursar på at boka skulle bli fin. Eg har hatt fritt spelerom, det har vore veldig kjekt å lage desse bileta, fortel Angelshaug. – Bileta er måla på ganske store lerret. Eg har arbeidd mest digitalt i fleire år, men likar kanskje aller best å måle slik som dette, smiler ho.
«Jeg er veldig begeistret for illustrasjonene til Anne Angelshaug,» skriv Agnes Margrethe Bjorvand i ei melding av boka på www.barnebok.no. «Dette er godt håndverk, og Angelshaug har dessuten en svært sjarmerende og karakteristisk stil. Her er det store hoder som går i ett med kroppen, og samtlige karakterer har ett stort og ett lite øye, og øynene er skjevt plassert. Bakgrunnene inneholder få elementer som kan forstyrre det som skjer i bildenes forgrunn – det er mange reine bakgrunnsflater som skaper stemning samtidig som de gir informasjon om miljøet som handlinga foregår i. Disse karakteristiske trekkene finner vi igjen i andre bilder av denne kunstneren.»

Ute er det snart like kaldt som hjå isbjørnane langt mot nord. Då gjer det ekstra godt å få eit varmt skjerf og ein god bjørneklem i ei fin forteljing.

Fleire boktips

3–6
Frost
3–6
3–6
9–12