Nynorskopplæring: Teikneseriespesial

TeikneseriespesialDette heftet er ein antologi med tolv nyare teikneseriar på nynorsk.

Samansette tekstar er eit emne som har fått ei viktig rolle i lære­planen for norskfaget. Bruk av teikne­seriar kan vera ein motiverande og spanande innfalls­vinkel til emnet. Diverre er det slik at mange av dei gode nynorske teikneserie­titlane berre er tilgjengelege i stutt tid og i små opplag med avgrensa distribusjon. Difor har Nynorsksenteret laga dette spesialheftet med nynorske teikneseriar.

Nynorsksenteret er tomme for hefte, men heile heftet kan lesast på nettet:

Heftet syner noko av mangfaldet innanfor den nynorske teikneserieverda. Her finn du veteranar som Håkon Aasnes side om side med unge, lovande serieskaparar. Du finn humor, drama og spaning, men òg stillfarne og poetiske seriar. Seriane har dessutan eit variert visuelt uttrykk.

To av teikneseriane i heftet, «Nokon heiter jobben» og «Kveldssong for deg og meg», er laga med utgangspunkt i dikt. Heftet inneheld òg ei innføring i teikneserieverkemiddel i form av serien «Kva du kan gjere med ein teikneserie som du ikkje må fortelje mor di».

Innhald:

  • Skulen av Jorunn Hanto-Haugse
  • Bjartmann på Mars av Øystein Runde
  • Dårleg skjulte referansar av Jorunn Hanto-Haugse
  • Annika av Håkon Aasnes
  • Vi på Nettserier.no av Olaf Moriarty Solstrand og Eirik Andreas Vik
  • Jakt av Jorunn Hanto-Haugse
  • 3 rips av Nataliya Kochergova
  • Trolling av Hans Marius Haukedal
  • Nokon heiter jobben av Solfrid Sivertsen og Jorunn Hanto-Haugse
  • Kveldssong for deg og meg av Ragnar Hovland og Tore Strand Olsen
  • Kva du kan gjere med ein teikneserie som du ikkje må fortelje mor di av Øystein Runde
  • Havet av Øystein Ottesen