Max Velthuijs: Frosken og den vide verda og Frosken og fuglesongen
Omsette av Ragnar Hovland, Det Norske Samlaget
No har det nett kome to nye forteljingar om Frosken og vennene hans, kjende frå både bokserien og barne-tv. Den eine forteljinga handlar om korleis Frosken og Rotte dreg ut i verda på eventyr. I den andre sørgjer vennegjengen over ein død fugl dei finn. To enkle og viktige forteljingar på kvar sin måte.
Max Velthuijs var Nederlands mest kjende barnebokforfattar og illustratør. Han skapte over tjue biletbøker om den storøygde og livsglade Frosken, og av dei er femten omsette til nynorsk. Kikker, som han heiter originalt, var først ein bifigur i ein annan bokserie, men med Den forelska frosken blei han hovudperson, og har vore det sidan. Alle bøkene fortel om eksistensielle spørsmål, om kjærleik, død, vennskap, verdiar og kjensler. Dei er enkle i både tekst og bilete, men opnar opp for viktige samtalar og tankar.
Dei to nyleg omsette bøkene tek utgangspunkt i kvart sitt kontrastpar. I Frosken og den vide verda handlar det om det store forlokkande eventyret på den eine sida og den trygge, gode heimen på den andre. I Frosken og fuglesongen handlar det om sorga i møte med døden, i kontrast til gleda over livet. Det første paret er ein gjengangar i barnelitteraturen, som Velthuijs framstiller poengtert og humoristisk: Når Frosken har masa seg til å vere med på tur, lengtar han heim, og når han endeleg er heime igjen, fortel han om alt det fantastiske dei har opplevd ute i den vide verda.
Frosken og fuglesongen er eit glitrande døme på korleis ein kan ta opp komplekse spørsmål på eit lettfatteleg vis, og samanstillinga av sorg og glede er original. I dei mange barnebøkene om døden er det ikkje ofte at gleda over livet blir det viktigaste, men slik er det her. Frosken og vennene trur først at fuglen dei har funne berre søv, og dei blir leie og høgtidelege når Haren forklarar at han er død. Den vesle gravferda deira er alvorstung nok, men plutseleg skifter humøret til Frosken. Døden har fått han til å innsjå kor vedunderleg livet er, og han får med seg dei andre i leiken. «Vi leikar sisten,» ropar han oppglødd. «Gris, du har den!» Boka avsluttar med at ein ny fugl syng frå treet.
Max Velthuijs døydde i 2005, men bøkene hans lever vidare.
