Erna Osland: Sov søtt, herr Spiss

Illustrasjon: Inger Lise Belsvik
Mangschou Forlag

Sov søt, herr Spiss er fagbok og biletbok i eitt. Temaet er søvn, og lesaren får vite korleis og kvifor dyr og menneske søv. Erna Osland har skrive ein serie prislønte fagbøker om dyr dei siste åra, og alle har, som denne, teke utgangspunkt i eit tema: mat i Skarpe tenner, foreldre og barn i Fint å ha far, og vennskap i Dyrebare venner. Den nye boka skil seg frå dei føregåande tre ved at målgruppa er yngre, og ved at ho har ei tydeleg todeling av teksten i ein skjønnlitterær del på vers, og ein faglitterær prosadel. Som vanleg skapar Erna Osland engasjement og interesse med ein engasjert og utforskande tekst.

I den første halvdelen av boka møter vi spissmusa herr Spiss, som ikkje får sove fordi halen hans held han vaken: «Spiss kjenner seg så evig lei/av halens dasking og ståhei./Han blir opphissa og galen/av den kranglevorne halen.» Etter kvart skjønar Spiss at det er magen som er problemet, og han jagar av stad på leit etter mat og kvile. Undervegs treffer han andre dyr og observerer andre måtar å sove på.

Til slutt får herr Spiss kvilt seg i nokre minutt, for som vi får vite i andre del av boka: «Det finst fleire sortar spissmus. Den minste må ete oftast og får sove i kortast tid. Berre nokre sekund i gongen. Og klarer ho å sove så lenge som to minutt, ja, da har ho sove riktig lenge!» Den andre delen av boka er delt inn i små korte tekstar om ulike dyr og deira søvn. Nokre av dyra vi får vite meir om, har vi allereie møtt i forteljinga om herr Spiss, andre ikkje. Medan den første teksten kan lesast for dei aller minste, vil nok denne andre delen av boka passe betre for dei på småtrinnet.

Slik dei to tekstdelane skil seg frå kvarandre, skil også Inger Lise Belsvik sine illustrasjonar mellom dei to delane av boka. I første delen er det mykje fargar og rørsler. Herr Spiss svinsar og svansar over oppslaga, og kjensla av aktivitet i bileta står fint til rytmen i Osland sine vers. I andre delen har illustratøren valt duse fargar i blått, lilla og gult når ho skildrar dei sovande dyra. Bileta i denne delen fyller ikkje sida, dei er berre små vignettar til kvar prosatekst. Slik blir uttrykket meir statisk, og gir kjensla av kvile og ro. Medan teksten er bunden tematisk saman, er bileta bundne saman av ei stipla linje, ei linje som viser herr Spiss si kvilelause vandring over boksidene.

Erna Osland og Inger Lise Belsvik har her gitt oss ei forteljing til sengekanten, ein samtalestartar i barnehagen, og ei ressursbok til småtrinnet. Sov søtt, herr Spiss er ei bok som kan nyttast og nytast på mange vis, både stykkevis og som heilskap.