Bente Bratlund: Mons Marius er ei løve

Illustrasjonar: Stina Langlo Ørdal

På biblioteket på Skei sit femten små lesarar uroleg på stolane sine. Dei skal få høyre forteljinga om Mons Marius som blir ei løve. Og ein snigel, eit stinkdyr, ein gris og ei bie. Eg er spent! Boka er heilt ny. Lesarane er nesten like nye, dei minste er berre to år gamle. Men alt på første sida skjer det, det kjennest nesten litt magisk, og eg trur alle kjenner det same. Den gode kjensla av å vere i ei god bok i lag kjem smygande, roar oss, opnar oss. Og så kjem gleda over at vi skal vere der lenge!
Tidsklemme og kvardagsstress. Ein velkjend situasjon for små og store. I den travle morgonstunda er det mykje som kan skje. – Skund deg, Mons Marius, seier mamma. Gjett kva Mons Marius blir då? Ei marihøne! Som set seg i nasen til mamma som ein nasebuse! Ungane skrattler, sit framoverlente på stolane med spente auge, for no skal vi snart bla om! – Et maten din, seier mamma. Då blir Mons Marius … ei mus!

– Eg har aldri skrive for så små barn før, fortel Bente Bratlund. – Men så blei eg bestemor! Det er utfordrande og disiplinerande å skulle skrive så lite tekst, det er kanskje endå meir krevjande enn å skrive mykje, ler ho. – Eg kom eigentleg til forlaget med dikt for små born, men ideen om ei biletbok tok etter kvart form. Eg synest illustrasjonane er fantastiske, smiler ho.

Det er Stina Langlo Ørdal som har teikna alle dyra. – Eg er så begeistra for ungane sin strek, fortel ho. – Det spontane og direkte i måten dei teiknar på, prøver eg å ta med meg når eg arbeider. Eg hadde høve til å komme med innspel til manuset, men det gjorde eg ikkje. Eg synst det var fine dyr! Eg er kanskje mest glad i skjelpadda, fortel ho. Så tenkjer ho seg om. – Og blekkspruten! Eg liker så godt å illustrere for born, eg kjenner at eg har stor kunstnarleg fridom. Det er likevel eit stort ansvar å teikne for ungar, avsluttar Stina, som mange vil hugse for illustrasjonane i Ordleiksboka.

Sjølv trur eg at eg likte koalabjørnen aller best. Kanskje fordi eg synst teksten på den sida var ekstra fin. Eg hugsar ikkje teksten heilt ordrett og kan ikkje sitere han, for boka ligg igjen i barnehagen på Skei. Det var heilt umogleg å få ho med seg heim!