Elskar, elskar ikkje

Ein av nykomarane frå Samlaget i år som er verdt å ta med seg inn i klasserommet, er novellesamlinga Elskar, elskar ikkje. Samlinga inneheld nye, nordiske kjærleiksnoveller for både han og ho – alle omsette til nynorsk.

Her blir dei mange ulike formene for kjærleik mellom to menneske tematiserte – på godt og vondt. I tillegg til å handle om den ofte såre og vanskelege kjærleiken, har mange av novellene også ein kjønna, moralsk eller etnisk komponent. Felles for tekstane er at dei er engasjerande og inviterer lesaren til å føle empati og respekt for den andre sitt perspektiv. Novellene kan fungere som utgangpunkt for gode diskusjonar mellom elevar både på ungdomstrinnet og på vidaregåande.

Det er særleg fem noveller som fortener såkalla «framsnakking»:

Svenske Annelis Johanssons Miriam og eg og verda er mellom dei klart beste i antologien. Her er begge hovudpersonane jenter som opplever ei spesiell magnetisme mellom seg. I tillegg til å vise fram ung, lesbisk seksualitet tematiserer novella også engasjement rundt globalisering, dyrevern, miljø og rettferdig handel på ein fin måte.

Islandske Jónína Leósdóttirs Elskar meg – elskar meg ikkje er ei anna viktig novelle. Novella er strukturert rundt eit ungt par som har avvikande oppfatningar av røynda. Etter kvart blir det avslørt at den eine parten utviklar aggresjon og psykologiske vrangførestellingar om forholdet og får difor vitjingsforbod av politiet.

Samiske Simon Issát Marainens Det siste brevet handlar om psykisk helse og sjølvmord. Sofe tek sitt eige liv og etterlèt seg eit hemmelegstempla forklaringsbrev berre til kjærasten. Men kjenner han seg forplikta til å halde den viktige informasjonen i brevet for seg sjølv, eller vil han likevel avsløre innhaldet til Sofe sine foreldre?

Finske Sari Peltoniemis særmerkte novelle Arret og sverdet må også nemnast. Det er ei eventyrleg og spanande kjærleiksforteljing om trolldom, framandfrykt, og språk. Tuuli forelskar seg på ein kontroversiell måte i Jyrg, ein framandspråkleg gut som vert halden som fange i landsbyen hennar. For å bli kjend med han må ho først lære seg språket hans, men for å gjere det må ho ofre det kjæraste ho eig.

Norske Lars Mæhle får æra av å avslutte antologien med ei stilistisk framifrå novelle, Sikkerstikket. I novella, som problematiserer seksuell objektifisering, blir Vemunds gryande interesse for den overvektige klassevenninna Ruth Helene og hennar flotte personlegdom latterleggjort i ein usympatisk og alkoholisert ungdomskultur.