Hilde K. Kvalvaag: Fengsla

– Eg sit på Bergensbanen, det er difor det er litt dårleg dekning, forklarar Hilde K. Kvalvaag på telefonen. Eg burde kanskje ha blitt igjen i Oslo og gjeve intervju og sola meg i glansen, men eg trudde jo ikkje at eg skulle vinne, ler ho. Kvelden før fekk ho Brageprisen for beste barne- og ungdomsbok 2010. Ho har skrive ungdomsromanen Fengsla. Prisen i denne kategorien har dermed gått til ei nynorsk utgjeving tre av dei fire siste åra!

Juryen skildrar boka slik:

Ei skarp framstilling av to komplekse jenter, som set ord på mange av dei store spørsmåla som er karakteristiske for ungdomstida: uro, brytningstid, lausriving, lengt og hungeren etter ein «walk on the wild side». Tittelen spelar både på jentene sine dragningar mot det ulovlege, og den fastlåste situasjonen dei begge er i. Idun er flink til det meste, men litt for passiv til å vere best når det gjeld. Kusina Mai har derimot få hemningar, og blir drive av ein umettelig, rotlaus kjærleikshunger. I møtet mellom desse to har Kvalvaag klart å skape ei gripande forteljing om ei tid der verda fort kan snu frå kjedeleg til farleg.

– Lesinga tilbyr lesarane, og i mitt tilfelle ungdommane, noko viktig. Noko som ikkje kan erstattast. Litteraturen kan belyse det menneskelege betre, seier Hilde K. Kvalvaag. Han kan vise fram tankar på ein unik måte, vise oss heilt inn i dei mørkaste krokane. Då blir vi mindre aleine med dei pinlege og kanskje til og med ondskapsfulle tankane vi sjølve har. På denne måten blir ein betre kjend med både med seg sjølv og andre. Lesaren kan gjere viktige erfaringar utan å sjølv stå i fare, utan å måtte ta konsekvensane, forklarar ho.

Hilde K. Kvalvaag har gjeve ut to ungdomsromanar tidlegare: Hjarteklapp og Nattsommarfugl. – Det krev kanskje for stor eigeninnsats, det går for tregt, på ein måte, svarar ho på spørsmål om kvifor mange ikkje likar å lese eller les lite. Eg håpar bøkene mine kan vere med på å gjere noko med dette, seier ho engasjert. Dei moraliserer i alle fall ikkje, snarare tvert imot, seier ho smilande. Eg trur i alle fall at ho smiler. Eg ser det fine bragevinnarsmilet gjennom den sprakande telefonlinja. Og sender ein varm tanke til Einar Økland, som ein gong på syttitalet sa så høgt at vi høyrde det: «Skal den nynorske barnelitteraturen overleve må han vere best!»