Asbjørn Rydland: Drakeguten

Første bok i ein fantasy-serie på fem bøker om stallguten Koll.

Nokre soger kan ikkje gløymast eller haldast fast berre på ein plass. Dei kan rett nok ta til i det små, kanskje berre med ei lita hending i ein liten landsby langsmed elva, men så veks dei seg større og større. Ingen kan vita kvar slike soger tar vegen. Dei kan leva i fleire hundre år og reisa til fjerne kystar og framande land, heilt til dei nesten ikkje liknar seg sjølv lenger. Men uansett kor langt dei drar, og kor lenge dei lever, så kjenner alle dei. Om soga om Drakeguten er ei slik historie? Vi får sjå!

Den mektige elva Taigar renn gjennom Andhra Kesh, riket mellom fjelltoppane. Krigen er over, det maldesiske kavaleriet har fridd landsbyen Kervad frå krigsherren Lothbard. Mange av kervingane meiner dei like godt kan forsvare seg sjølve no. Dei treng ikkje kavalieriet lenger. Stallguten Koll drøymer om å bli ein stor krigar og gjere som han sjølv vil. Men han er liten og puslete, er redd for vatn og kan ikkje eingong symje. Likevel brenn det i han, han skjønar at han er utvald.

13-åringen Koll vil verve seg i militsen, men greier ikkje prøvene. Då møter han Eran, som lærer Koll å bli ein sjølvstendig mann og krigar. Saman finn dei ei drakehole som kan gje både dei sjølve og landsbyen stor rikdom. Men Koll må snart velje kven han kan stole på:

Nokre val vi tar, kan aldri gjeras om. Og nokre gongar vel vi feil og betaler ein forferdeleg pris for det. Og det verste er at slike feil er det ikkje alltid muleg å gjera godt igjen eingong. Alt vi kan gjera, er å prøva så godt vi kan å velja riktig neste gong. Forstår du?

Kampen mellom det gode og det vonde er eit sentralt kjenneteikn i fantasy-litteraturen. Men kven er eigentleg god og kven er vond? I denne historia har karakterane samansette eigenskapar, dei er ikkje eintydige. Det er ein viktig kvalitet ved romanen som saman med eit svært gjennomarbeidd og poetisk språk peikar seg ut som særmerke ved Asbjørn Rydland si tilnærming til sjangeren. Tema som lojalitet, om å stå for det ein meiner er rett og gjere opp for seg er og sentrale, slik ein vil forvente. Men kor han skriv, denne debutanten! Det som imponerer mest er kanskje korleis han greier å gje det poetiske språket relevans i historia, slik det vert påpeika i meldinga på nettstaden barnebokkritikk.

Bokmålsungane kjem til å gløyme at dei les nynorsk, og nynorskungane får eit førsteklasses skriftleg førebilete i denne teksten. Det viktigaste er at dei får høve til å lese denne boka, fordi det er slike bøker som gjer at ungdom les!