Heikki Gröhn: Mika gjør feil

Illustrasjon: Akin Duzakin

Det er to ting som fascinerer meg med Mika gjør feil. For det første at ei så kvardagsleg bok kan vere så skummel. For det andre at boka tek lesaren så nær ein barndom tidleg på 50-talet.

Mika gjør feil er den fjerde boka Heikki Gröhn og Akin Duzakin har laga saman. Også i dei tre andre bøkene om Mika er det noko som skremmer han. Mika er i det heile teke ein engsteleg gut, i slekt med Garman til Stian Hole. Men mens Hole let Garman vere i angsten sin, er det alltid ei redning i slutten av Gröhn sine bøker.

Ein annan forskjell: Ingen annan norsk illustratør kan teikne barnleg eksistensiell angst som Akin Duzakin. Her er han uslåeleg. Gjennom nesten heile boka møter vi Mika, med engstelege auge, litt skeivt plassert i biletet. Byrommet der han rører seg, er stort, nake og utrygt. Mikas fortvilte kjensle lyser frå boksidene.

Men kva er Mika redd for denne gongen? Jo, i denne boka er han redd for fru Karoliussen og for at mor hans skal gi han ris på rumpa. Mika har nemleg fått to femtiøringar for å gå eit ærend til fiskebutikken, men der hadde dei ikkje den seien som fru Karoliussen bad han om å kjøpe. Når Mika forsøker å løyse denne floka, gjer han ein feil og plutseleg har han ikkje pengane han fekk hos fru Karoliussen lenger, og han veit ikkje korleis han skal klare å fortelje kva som har hendt. «Mika byrja å gå bortover den lange gata som fru Karoliussen og han sjølv budde i, og jo nærmare han kom, jo meir fortvilt blei han, og jo saktare gjekk beina hans.»

Heikki Gröhn er først og fremst lyrikar, og ein kan kjenne det i teksten. Ikkje fordi teksten er spesielt poetisk, men fordi han kallar fram den skrekkslagne stemninga Mika er i. Det er ikkje handlinga som er hovudpoenget, men kjensla teksten gir oss. Denne angsten og den kjente situasjonen – ein har gjort noko gale, utan eigentleg å meine det, og ein veit ikkje korleis ein skal forklare det til dei vaksne – gjer at tidsavstanden mellom notid og 50-talet blir utviska. Lesaren veit nøyaktig korleis det er å vere Mika.

Da er det godt at Mika ikkje får ris på rumpa. Da er det godt at Heikki Gröhn fortel oss at det ikkje var noko å vere redd for. Ikkje eigentleg. Og at vaksne folk stort sett er fulle av forståing og omsorg.