Carl Frode Tiller: Innsirkling 1 & 2

Carl Frode Tiller kom hausten 2010 ut med sin andre roman i trilogien Innsirkling, ein trilogi som har fått rosande merksemd og mange utmerkingar. I desse intenst urolege bøkene handlar det om unge menneske som alltid er i ei desperat og djup psykologisk krise.

Innsirkling 1

Innsirkling 1 handlar primært om dei tre forteljarane Jon, Arvid og Silje – og til ei viss grad om den minnelause David, som er avbilda på smussomslaget på romanen. Lesaren får eit klaustrofobisk innblikk inn i den håplause kvardagen deira, og vi får kjenne på kor vanskeleg det kan vere å vekse opp i eit konformt småbymiljø når ein har eigne tankar både om kven ein er og kven ein vil bli.

Dei intense scenene frå forteljarane sine liv krinsar kring dramatiske kvardagsopplevingar. Sviktande kommunikasjon mellom familiemedlemmer, ektefellar og vener får drastiske konsekvensar og vert fortalt i eit drivande godt språk som personane ikkje har styring over. Og om språket ikkje kan kontrollerast og tek ein med på løgnaktige vegar (som likevel blir opplevde som sanne), kan ein då seie at personane har ein fri vilje? Er vi berre produkt av dei sosiale omgjevnadene våre?

Kva som er sant eller usant vert stadig problematisert. Særleg gjeld dette når dei tre forteljarane freistar sirkle inn livshistoria til David. Han hevdar i ein avisannonse at han er minnelaus, og spør difor gamle kjende om hjelp til å rekonstruere biografien sin. På bakgrunn av dette skriv dei tre forteljarane drepande ærlege brev til David om slik dei kjende han då han gjekk på vidaregåande. Men kven har den rette versjonen?

Spaninga i romanen er knytt til kven forteljarane og denne David eigentleg er, og uvissa kring dette spørsmålet gjer at Innsirkling i utgangspunktet kan seiast å tematisere identitet og korleis denne vert til.

Innsirkling 2

Den overordna strukturen i Innsirkling 2 er den same som i den første boka. Tre nye forteljarar, Ole, Tom Roger og Paula, skriv brev til David og minner han om korleis livet hans har vore, men no om tida før han gjekk på vidaregåande. Det gir til saman i dei to bøkene heile seks ulike personar sine perspektiv på korleis identiteten til ein person kan bli forma i oppveksten.  

Det interessante er at dei ulike forteljarane sine versjonar av historia ikkje alltid er kompatible, og at brevskrivarane i like stor grad lèt forteljingane handle om seg sjølve. Slik siv deira eigne tragiske lagnader gjennom overflata. Også i Innsirkling 2 er Tiller ein meister til å skildre korleis menneske som er i personlege konfliktar endar opp med gjensidig å forsterke kvarandre sine fiendtlege handlingsmønster.

Spanande lesing er begge bøkene, og sjølv om me i bok nr. 2 kjem nærare eit svar på kven David er, får me også mange nye spørsmål. Oppfølgjaren er òg ei bok med presis psykologisk innsikt i kva det vil seie å vekse opp under sviktande omsorg i eit tøft, kriminelt og mannsjåvinistisk samfunn på første del av 1980-talet.

Tillers portrett av dei (ofte problematiske) sosialiserande mekanismane i eit lite bygdesamfunn der alle kjenner alle, er noko mange kan kjenne seg igjen i – også i 2010.

Begge bøkene kan høve for ungdom frå 16 år og oppover.

Bøkene finst også i lydbokutgåver: Innsirkling og Innsirkling 2.