Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Robert Muchamore: Rekrutten & Kokainkongen

Å setje born i 12-årsalderen til å vere spesialagentar for den britiske etterretningstenesta er eit flott utgangspunkt for å skrive spanande historier som fengjer både han og ho.

Den britiske forfattaren Robert Muchamore nærast hypnotiserte den 12-årige veslebror min med dei nyleg utkomne ungdomsromanane Rekrutten og Kokainkongen. Her er det verkeleg tale om typiske «pageturnerar» tilpassa eit adrenalinhungrig publikum i 10–14-årsalderen. Begge bøkene er ein del av Cherub-serien på 12 bøker.

Hovudpersonen i historia er det samvitsfulle problembarnet James Adams. Serien startar med at mor hans døyr, og den elles evnesterke 12-åringen vert tilfeldigvis innrullert i ein noko spesiell skule som viser seg å rekruttere hemmelege agentar til CHERUB, ein statleg organisasjon som trenar opp spionar. Men det er ikkje vanlege, vaksne spionar dei skal ende opp med å verte. Fordi ingen vaksne vil mistenkje born for å vere agentar, er det nettopp mindreårige som vert brukte av etterretningstenesta på viktige oppdrag. Visste du ikkje det? Der ser du.

Rekrutten
Rekrutten handlar om den tøffe grunnopplæringa James og andre gutar og jenter må ta for å verte spionar. Det er tøffe opptakskrav, både psykiske og fysiske, og fleire born klarer det ikkje. Det gjer derimot James til slutt, og på vegen lærer han seg spanande dugleikar som vanlege jamaldringar berre kan drøyme om: Alt frå kampsport, skyting og bilkøyring til språk og overlevingsstrategiar i jungelen. Og kanskje litt om jenter, òg, skal eg vere ærleg. For her er det meir enn den prestisjefylte karrieren i CHERUB som står på spel.

Kokainkongen
Etter kvart som James og gjengen vert ein del av det verdsfemnande nettverket av mindreårige spionar, får dei reise på spanande oppdrag som handlar om alt frå terrorismeførebygging til nedkjemping av globale narkotikakartell. Det siste oppdraget er i sentrum for den andre boka i serien, Kokainkongen. No har James vorte ein meir erfaren spion, men oppdraga har også vorte drastisk farlegare. Vil han og hans medsamansvorne klare å skaffe prov mot det farlege narkotikakartellet utan å avsløre identitetane sine? Dei må verte vener med borna til narkotikabaronen, og oppdraget tek dei med på ei hasardiøs reise inn i eit tøft kriminelt miljø der ein ikkje går av vegen for å drepe sjølv born.

Forfattaren bak desse spanande spionforteljingane har arbeidd i tretten år som privatdetektiv, og realismenivået i historia ber preg av nettopp det. Her er det lett å gløyme både tid og stad!

Fleire boktips

ungdomsbøker
lettlesne bøker
9–12
9–12