Ingelin Røssland: Engleslakt

Engleslakt er tredje boka i Ingelin Røsslands spanande og populære serie om  detektivheltinna Engel Winge. Og det vert ikkje noko mindre nervepirrande denne gongen, om du trudde det!

Røssland (f. 1976) let seg ofte inspirere av miljø som ho sjølv har vanka i. Ho tek utgangspunkt i eit representativt, lite bygdesamfunn ein stad på Vestlandet, der ho let Engel ha den same jobben som ho sjølv ein gong hadde, som journalist i lokalavisa. I dei to første bøkene møtte lesaren ei rappkjefta og insisterande jente som var viljug til å ta drastiske sjansar for å kome til botns i dei sakene ho vart involvert i. Første boka, Englefjes handla både om menneskehandel, politisk korrupsjon og miljøvern. I oppfølgjaren Englejakt får lesaren servert mystiske forsvinningar, narkohandel og overgrep. På t-skjorta til hovudpersonen stod det «My name is Queen of Fucking Everything». Og det seier vel ein del? Her er det inga kjære mor!

I Engleslakt er det ei svært mystisk drapssak som tek opp mykje av energien til Engel. Nytt av året er at ho har kvitta seg med mopeden og har fått seg bil. Også persongalleriet har blitt eldre: I byrjinga får me ei skildring av eit farleg tøft musikkmiljø rundt svartmetallbandet Berserk. Engels bestevenninne Irene forelskar seg i bandets myteomspunne frontfigur Sly, og det skal ikkje mykje fantasi frå Engel si side til å mistenkje denne hestehalevokalisten for det tragiske som etter kvart skjer med venninna. Men kva er motivet? Engel har krangla med Irene. Neste dag får Engel melding om at Irene har hengt seg. Kva har eigentleg hendt? Engel Winge føler at ho skuldar Irene å finne det ut.

Midt opp i alt forelskar Engel seg noko ufriviljug i Lukas, ein av dei andre bandmedlemene i Berserk. Men litt etter litt byrjar ho å tvile. Korleis kan ho vere sikker på at han ikkje er ein psyko som har noko med drapet på bestevenninna å gjere? For snart byrjar obskure trugsmåls-SMS-ar å tikke inn på Engels mobil. Ut frå innhaldet i SMS-ane veit ho at ho ofte vert observert av nokon – truleg mordaren. Ho er i livsfare. Eit psykotisk sjalusidrama kjem etter kvart til overflata. Irene var nemleg ikkje den einaste som hadde forelska seg i Sly, og Engel er ikkje den einaste som har forelska seg i Lukas!

Mot slutten tek boka ei noko uventa og dramatisk vending, og det her er langt frå noka keisam lesaroppleving! Forfattaren har skrive nok ein svært spanande «page turner» som både gamle og nye Røssland-lesarar garantert kjem til å sluke rått!