Bjørn Sortland: 12 ting som må gjerast rett før verda går under

12_tingLydbok lesen av Kjersti Botn Sandal

Therese er tretten år og lengtar. Lengtar etter å kjenne noko skikkeleg. Å ha kjærleikssorg eller noko slikt. Som Billie Holiday, som syng om at ho reiser utan bagasje fordi kjærasten har gått frå henne. Etter at mamma fortalde om den store og livsomsnuande «beslutninga» til ho og pappa, tenkjer Therese at alt er hulter til bulter og omvendt. Ingenting kan nokosinne verte slik som det har vore. Dessutan kjem verda snart til å gå under, tenkjer ho. Der er nok av teikn på at det kan kome til å skje.

Therese bestemmer seg for å verte venn med Jan. Han veit mykje om livet, og om Gud, verkar det som. Han kjem frå Manglerud, og utstrålar noko vakse som dei andre i klassen ikkje heilt forstår seg på. Kanskje Jan kan hjelpe henne med å finne ut meir om det med verdas undergang? Uansett er det viktig å vere vaken og klar, finn ho ut. Therese finn ut at sjølv om ho berre er tretten år, er det inga unnskyldning. Ho lagar ei liste på tolv punkt over ting ein berre må ha gjort før verda går under. Det er inga tid å miste. Lista må gjennomførast, punkt for punkt.

Det er Kjersti Botn Sandal som les boka, og ho vekslar på ein nydeleg måte mellom Therese si ungjenterøyst og røysta til dei andre personane. Tempoet er passeleg og Sandal levandegjer personane på ein naturleg måte.

Boka er midt i blinken for 10–12-års alderen og oppover. Ho er å finne i papirutgåve også, men vel gjerne lydbokvarianten.